Gamle plagg fortel (seminaret er fullteikna)
NB: Seminaret er fullteikna.
Dagsseminar om folkedrakter med Kari-Anne Pedersen og Terje Lia laurdag 21. september 2024 kl. 09.30-16.00.
Stad: Bø museum, Oterholtvegen 148, 3802 Bø,
Kva kan me lære av gamle draktdelar? Går me gamle plagg etter i saumane – i bokstaveleg forstand, kan me hente mykje kunnskap om korleis dei er laga. Denne kunnskapen har me stor nytte av når me skal framstille bunader i dag. Dette er temaet for seminaret med Kari-Anne Pedersen og Terje Lia på Bø museum. Dei er begge svært opptekne av dette, og har lang erfaring frå feltet. Kari-Anne Pedersen, Oslo, er nyleg pensjonert konservator frå Norsk folkemuseum, der ho hadde ansvar for folkedrakter. Ho har skrive fleire bøker om emnet, og har fokusert på draktskikken i Aust-Telemark. Terje Lia frå Notodden er sjølverklært «bunadsnerd», han har laga bunader i ei årrekke og leverte nyleg bunad til prins Sverre Magnus. Han har mykje gamalt draktmateriale i sitt eige, som ei studiesamling, og ein del av dette vil han ha med seg til seminaret. Vidare blir det høve for deltakarane til å ta med gamle draktdelar som dei ønsker å få kommentar til.
Kl. 09.30: Frammøte og kaffi på Åheim, pakkbua
Kl. 10.00: Seminaret startar
Kl. 12.00: Dugurd (lunsj) på Polen
Kl. 13.00: Seminaret fortset
Kl. 16.00: Slutt
Deltakaravgift: Kr. 400,- inkl. kaffi ved ankomst, og dugurd.
Påmelding skjer på epost til post@bomuseum.no eller sms til nr 90136992. Deltakaravgifta betalast til Bø museum, konto nr. 2630.07.11269 eller Vipps nr 512181. Merk betalinga “Folkedraktseminar” og namn. Frist for påmelding og betaling av deltakaravgift er måndag 16. september. På grunn av plassen set me eit tak på 30 deltakarar. Meld gjerne frå om evt. allergiar ved påmelding, med tanke på serveringa.
Kari-Anne Pedersen, foto Helge Brekke.